hero

BADSTAUA

Velkommen til Badevika i Dale

Velkommen til ei fin stund i Dale si minste staue

Loading...

Slik fungerar det

Bestilling
Bestill ynskja dato og tidspunkt for tid i Badstaua. Opphaldet varer i 90 min, anten det er DROP IN eller PRIVAT.

Drop- in eller Privat
Vi har ope for privat og drop-in bestilling. Ved privat bestilling velger du sjølv kven du vil nyte badstaua med. Ved drop-in kan andre personar bli med på same tidspunkt som deg.
NB! Registrer tal personar ved privat bestilling.

Aldersgrense

Du må vere 18 år for å booke. Born er velkomne i følge med vaksne

Opningstider
Alle dagar kl 06:00 – 23:00

Inngang
Badstaua er sjølvbetjent og basert på tillit. Du vil få ein kode for å opne døra.

Deretter:

  1. Sett på omnen- klikk på panelet og av på knappen kjem opp
  2. Om badstaua er kald så går det ca 15 minutt til den er varm.
  3. Alt er førehandsinnstilt så fint om du let vere å stille på noko
  4. Badstaua slår seg av etter 90 minutt.
  5. Ferskvatn til omnen hentar du på toalettet i naustet.
  6. Når du er ferdig så er det fint om du sopar ut grus og vatn frå golvet slik at nestemann kjem til ei rein badestaue- Bruk mopp og klutar som ligg i gangen.
  7. Ta med deg søppelet ditt og kast det i dunken ved naustet

    Når du er inne
    Vi ønskjer ei så rein og triveleg badestaue som mogeleg så pass på å skylle føtene etter eit bad i sjøen. Bruk stampen som heng på veggen. Du sit på eige handkle.
    Sett skoa dine i hylla og bruk gjerne moppen til å sveipe over golvet og tørk dørkarmen når du er ferdig.

Andre fasilitetar
Det er toalett i naustet i Badevika. Om de er mange så kan dette vere ok å bruke til skifterom også. Gangen er liten i sjølve badstaua.

Søle
Etter byggeperioden er det veldig gjørmete i øverste del av plenen. Ved frost blir det isete. Gå ned til sjøen og så opp til badstaua.

Parkering
Parker oppe, på skrått langs muren opp mot sjukeheimen. Sørg for at utrykkingskøyretøy kjem seg ned til deg om det skulle vere behov for det.

Prisar

Medlem
Kr 900,-
Dette varer eit år frå den datoen du kjøper det. Det blir automatisk fornya, men du vil få varsel om dette på den e-posten du bestilte på.

Bestilling med Medlemskort
Du må vere tilstades sjølv om du bestiller på ditt medlemskap.
Drop-in kr 80,-
Privat kr 300,- ( Du bookar heile Badestaua)

NB! Når du klikkar på timebestilling så vil det vise full pris heilt til du har registert koden som står på medlemskortet ditt ( periodekort). Når du legg denne inn så ser du medlemsprisen.

Utan periodekort
Drop- in: kr 200,-
Privat: Kr 1000,- ( Du bookar heile Badestaua)


Timar som er bestilt, men ikkje nytta blir ikkje refundert.
Er det feil hos oss. som gjer at du ikkje får tilgang så finn vi ei løysing som fungerer for deg. Enten refusjon av beløp eller ny tid


Vil du bestille for eit arrangement eller ei gruppe? Ta kontakt med oss.
Badestaua har plass til 7 personar

Her finner du oss

Lenker

Risør HavbadOm ossVilkår for brukVilkår ved kjøp

Kontakt oss


Badevika

© 2026 Badevika

Visa logoMastercard logo